AVANTGARDISTEN, AKTIVISTEN & NATURALISTEN
Det er med stor glede vi inviterer til foredrag ved arkitekt Borghild Holsvik!
Lørdag 8 mars. 2025 kl. 19:00.
Det blir lett servering og rom for samtaler og refleksjon etterpå.
Gratis.
//
Holsviks beskrivelse av foredraget:
Del 1:
3 KVINNER, 3 PÅVERKNADER PÅ ARKITEKTUR OG SAMFUNN
Del 2:
TENDENSAR, TONEANGIVANDE STEMMER I KRISENES TID
«Linear time is a Western invention; time is not linear, it is a marvelous tangle where at any moment, points can be selected and solutions invented without beginning or end.” LBB
Del 1:
Avantgardisten Lina Bo Bardi var ein italienskfødt arkitekt som emigrerte til Brasil i 1946 der ho levde med mannen sin, kunstsamlar og kurator Pietro Bardi. Ho levde og agerte litt på sida av dei største modernistiske straumningane i si samtid. Dei få bygga ho skapte, overrasker og begeistrer i dag med sine tydelege formspråk og den ibuande viljen dei kvar for seg viser for kva arkitekturen kan gjere for dei som brukar og opplever den.
Aktivisten Jane Jacobs var ein canadisk-amerikansk forfatter, journalist og teoretiker kjent for sin sterke innflytelse på urbanisme, sosiologi og økonomi. Ho er særleg kjend for den utrettelege kampen mot byfornying og slumopprydding som regjerte i New York og andre storbyar i etterkrigstida. Takka vere henne og andre aktivister, kan vi i dag besøke bydeler med gammal sjarme som Greenwich Village, SoHo og China Town, bydelar som var trua av dåtidas planar og vyer om enorme motorvegar og høghus.
Naturalisten Fredricia Miller er ein engelskfødt arkitekt som frå Nesodden driv det økobaserte arkitektur-nettverket Gaia saman med ektemannen Julio Perez. Paret har sidan studietida på AHO på slutten av 70-talet fokusert på økologisk tilnærming, biofilisk design og å vere eit motsvar til den konvensjonelle arkitekturen. Det som den gang blei sett på som alternativt og obskurt, er i dag i ferd med å bli anerkjent som legitime svar på utfordringane vi står i.
Del 2:
Det er krisenes tid. Vi lever i ei vedvarande klima- og naturkrise. Vi lever i ei tid med stadig meir polarisering, med kriger, migrasjoner og flyktningstraumar. Byer opplever tilflytting og urbanisering i stor skala. Landsbygder ligg halvbrakke att. Mangel på råvarer og ressurser, klimaendringer og trua natur tvinger fram nye svar på kva arkitektur er og kan vere i dag. Etter ei tid med ekstrem velstand, med bruk-og-kast-tankegang, er tida overmoden for både å skode tilbake og hente fram gamal kunnskap og å sjå framover og innovere ny kunnskap. Del to gir eit lite innblikk i nokon av dei toneangivande stemmene i dag som på ulikt vis møter krisene med nye eller gamle svar.
//
Borghild Holsvik, Master i arkitektur MNAL, jobber til daglig i Ratio arkitekter AS. Hun har også atelier i KulturHagen, to etasjer over CELLARCUBE.
//
Arrangementet er støttet av Asker kommune.





